tirsdag 26. februar 2008

Suksess på labben




Sidan Solveig og Mathe har vore så dyktige til å oppdatere bloggen , kjende eg på meg at no var det min tur. Vi har tidlegare praktisert kun bokmål i innlegga våre, men no er det på tide med litt EKTE norsk synest eg;)

For augenblinken sit eg i senga og synest synd på meg sjølv. Eg har, trass i mitt gode immunforsvar, pådratt meg ei keisam forkjøling. Dagen i dag har derfor gått med til soving, nasesnyting, grining(pga sterkt ljos), svimring og andre sjuklige aktivitetar. Men nok klaging og syting for denne gong. Det eg eigentleg ville fortelje dykk lesarar om, er vår (gjengen på bygg) suksess på konstruksjonslabben her om dagen.

Slik Marthe fortalde i eit tidlegare innlegg, har vi på NTNU tiltaksveker for augneblinken. Dette går ut på at vi har fritak frå vanleg undervisning. Men dette betyr ikkje at vi berre går rundt å driv dank nei. I går, Mondag, var "kristengjengen" på bygg på konstrukjsonslaben kor vi skulle byggje bru. Nyfikne inntok vi plassen vi hadde fått tildelt og satte i gong med arbeidet. Brua skulle byggjast av trepinnar og ståltråd. Det vart raskt semje om å gå for den klassiske buen med fagverk. Peter tok fram kalkulatoren i håp om å klare å berekne høgda buen måtte ha for å ha størst verknad i konstruksjonen. Etter litt berekningar og diverse satte vi i gong med sjølve byggjinga. Brua skulle vere ca 90-100 cm lang, det var det vi hadde å jobbe ut frå. Vi surra, tvinna, kutta, målte og kosa oss i fleire timar før resultatet blei som dykk kan sjå på biletet oppe til venstre. Etter vi hadde sett oss ferdige, bar det vidare til testing. Her blei brua fotografert av forelesar Arna Aalberg, før dei ubarmhjertig heiv på lodd etter lodd. Særvekta til brua var 0,316 kg, vekta den tålte før den brast var 37,5 kg. Det vil seie at den tålte ca 119 gongar si eiga vekt, Dagens mest solide bru! Vi vonar på seier totalt når veka er omme.

Det var alt eg hadde for i dag, no skal sjukdommen pleiast.

4 kommentarer:

Anonym sa...

haleluja for nynorsk og bro!

Bjørnar sa...

Eg begynte å lesa litt, men itte ei stond med uforståelig nynorsk datt eg ut...

Anonym sa...

hehe.. synd for dej!!!

Anonym sa...

Syns nynorsken er med og hever bloggen over det skyhøye snittet for leilighetsblogger.. "keisam forkjøling" og "vi voner om seier"..! Bedre blir det ikke! :D